Konsulent - deltidsstilling for jusstudent
Ønskjer du ein spennande deltidsjobb innan offentleg forvaltning?
Om stillinga
Er du jusstudent og ønskjer relevant arbeidserfaring ved sidan av studiane? No har vi seks ledige deltidsstillingar ved kontoret vårt i Bergen.
Stillingane er tilpassa studentkvardagen, og du arbeider i snitt ein dag i veka. Vi legg til rette for fleksibilitet og planlegg arbeidet slik at det kan kombinerast med studiane og undervisninga.
Hos oss får du
- arbeide med aktuelle juridiske problemstillingar
- få innblikk i korleis jussen blir brukt i praksis
- utvikle den juridiske kompetansen din i eit breitt fagmiljø
- få erfaring med juridisk arbeid i offentleg forvaltning
- bidra med nye perspektiv og fagleg nysgjerrigheit
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil omfatte saksbehandling innan fleire fagområde på tvers av seksjonane våre, mellom anna:
- Justis og byggjesak – til dømes behandling av søknader om fritt rettsråd og fri sakføring, askespreiing, søndagsopne butikkar, status som typisk turiststad og andre saker som høyrer til seksjonen.
- Spesialisthelse – til dømes behandling av klagesaker knytte til pasientreiser.
- Organisasjon og strategi – til dømes behandling av innsynssaker.
Vi oppmodar søkjarar til å opplyse i søknaden dersom dei har særleg interesse for ei bestemt seksjon eller bestemte arbeidsoppgåver. Vi vil så langt det er mogleg leggje vekt på dette i den vidare vurderinga.
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer studentar som studerer rettsvitskap, og som har fullført tredje studieår.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- har gode samarbeidsevner
- kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg
- er nøyaktig og tek ansvar for oppgåvene dine
- er løysingsorientert og fleksibel
- har interesse for fagområda våre
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Statsforvaltaren ønskjer eit inkluderande arbeidsliv med medarbeidarar som har ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv. Vi legg til rette for at arbeidsplassen kan tilpassast den enkelte sine behov.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en.
Søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kan opplyse om dette i søknaden. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar gruppe til intervju.
- Marie Solvoll Lyby, seksjonsleiar justis og byggesak, telefon 57 64 32 89, e-post marie.solvoll.lyby@statsforvalteren.no
- Jana Midelfart-Hoff, seksjonsleiar/ass.fylkeslege spesialisthelse, telefon 55 57 20 05, e-post jana.midelfart-hoff@statsforvalteren.no
- Ola Gunnar Alserholm, assisterande direktør organisasjon og strategi, telefon 57 64 30 18, e-post ola.alsterholm@statsforvalteren.no
Om Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.