Slik er det å jobbe hos oss
Bli ein del av eit godt fagmiljø med sterkt samfunnsengasjement.
Kva jobbar vi med hos Statsforvaltaren?
Statsforvaltaren representerer og har oppdrag for fleire departement og underliggjande direktorat. Vi fører tilsyn, rettleiar kommunane og er klageinstans. Vi skal sørgje for at rettstryggleiken for innbyggjarar, verksemder og organisasjonar, ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.
Vi har oppgåver innan mellom anna helse og omsorg, barnevern og sosial, barnehage og skule, verjemål, samfunnstryggleik, plan, miljø og landbruk. Våre tilsette har mange ulike fagbakgrunnar, som m.a. rettsvitskap, samfunnsvitskap, medisin og sjukepleie, barnevern, naturforvaltning, biologi, pedagogikk og administrasjon.
Arbeidskvardagen vår er prega av tett kontakt med kommunar, offentlege etatar og innbyggjarar. Jobben krev grundige vurderingar, god samhandling og evne til å sjå heilskapen i samfunnsoppdraget vårt.
Slik er vi organiserte
Vi har om lag 280 tilsette fordelt på dei seks avdelingane
• kommunal
• helse, sosial og barnevern
• landbruk
• utdanning og verjemål
• miljø
• organisasjon og strategi
Vi har kontor i Leikanger, Bergen og Førde. Hovudsetet er i Leikanger. Vi har også verneområde- og nasjonalparkforvaltarar i Aurland, Rosendal, Gaupne og Sandane.
Slik er den praktiske arbeidskvardagen vår
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der samarbeid, læring og deling står sterkt. Sosiale soner gjer det lett å møtast gjennom dagen. I Leikanger og Bergen har vi kantiner, som tilbyr både varm og kald mat.
Vi har også treningsrom ved kontora våre i Leikanger og Bergen, som alle tilsette kan bruke. Du kan òg trene ein time i veka i arbeidstida.
Arbeidstida er frå klokka 08.00 til 15.30. Vi har fleksitid med kjernetid frå klokka 09.00 til 14.30, og opparbeidd fleksitid kan avspaserast.
Du får høve til å arbeide heimanfrå ein dag i veka.
Som tilsett har du ei god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Du betaler to prosent av brutto løn i obligatorisk premieinnskot, medan arbeidsgivar dekkjer sin del. I SPK får du òg tilgang til gunstige bustadlån.
Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.