Vil du vere ein pådrivar for klima- og naturomsyn i Vestland?
Om stillinga
Klimaendringane og tapet av natur er blant dei største utfordringane samfunnet står overfor. Kommunane har ei nøkkelrolle i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, tilpasse samfunnet til eit endra klima og ta vare på naturen gjennom arealforvaltning og planlegging. Statsforvaltaren i Vestland søkjer no ein engasjert og initiativrik klimarådgjevar som vil vere med å styrkje dette arbeidet.
Som klimarådgjevar får du arbeide på tvers av fagområde som klima, natur, landbruk, beredskap og samfunnsplanlegging. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø og får ei sentral rolle i dialogen med kommunane i Vestland. Stillinga er organisert i miljøavdelinga, men arbeidet vil vere på tvers av fleire avdelingar i embetet.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna arbeide med å
- rettleie kommunane i arbeidet med klimagassreduskjon, klimatilpassing og berekraftig arealforvaltning
- bidra til at klima- og naturomsyn blir ivaretekne i kommunal planlegging gjennom faglege råd, fråsegner og dialog med kommunane
- formidle kunnskap gjennom nettverk, samlingar og samarbeid med kommunar, Vestland fylkeskommune og andre aktørar
- styrkje dialogen mellom Statsforvaltaren og kommunane innan klima-, natur- og planområdet
- bidra til å vidareutvikle det tverrfaglege klima- og naturarbeidet hos Statsforvaltaren i Vestland
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har
- relevant høgare utdanning på masternivå innan klima, miljø, naturforvaltning, samfunnsplanlegging, geografi, landbruk eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- god kunnskap om klima- og miljøutfordringar og korleis desse heng saman med arealplanlegging og samfunnsutvikling
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- erfaring frå offentleg forvaltning, kommunesektoren eller anna relevant samfunnsarbeid
- erfaring med prosjektarbeid, nettverksbygging og rettleiing
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- er sjølvstendig, tek initiativ og oppnår resultat
- har gode samarbeidsevner, involverer andre og trivst med å arbeide på tvers av fagmiljø
- kommuniserer godt og kan gjere komplekse problemstillingar forståelege
- er strukturert og har god gjennomføringsevne
- er utviklingsorientert og ser moglegheiter for nye løysingar
- har god rolleforståing og trivst i samspel med kommunar og andre samarbeidspartnarar.
Om Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.