Om stillinga
Kvart år behandlar Statsforvaltaren i Vestland fleire tusen krav om innsyn frå innbyggarar, media og advokatar. Kvart krav krev raske og grundige vurderingar etter offentleglova og anna relevant regelverk. No søkjer vi ein jurist som trivst med høgt tempo, faglege utfordringar og viktige avgjerder. Innsynskrava gjeld saksdokument frå heile breidda av statsforvaltaren sitt virke – barnevern, helse og omsorg, plan- og byggesaker, landbruk, alkoholsak, klagebehandling og meir. Du får difor oversikt over korleis statleg forvaltning fungerer i praksis, og samarbeider tett med fagfolk frå mange fagområde.
Mange av dokumenta inneheld sensitive opplysningar, noko som set høge krav til handsaminga opp mot gjeldande regelverk. Fristane er korte, og arbeidstempoet er til tider høgt. Arbeidet er viktig: Innsyn er ein føresetnad for open forvaltning, samstundes som vi sikrar rettstryggleiken til enkeltmenneska det gjeld. Vil du bidra til dette i eit godt og triveleg arbeidsmiljø?
Stillinga ligg i avdelinga organisasjon og strategi, med kontorstad i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Juridisk vurdering og handsaming av innsynskrav, åleine og i samråd med fagavdelingane
- Handsaming av klager på avslag på innsyn
- Utsending av saksdokument
- Rettleiing til saksbehandlarar og publikum om innsynsreglane
- Eventuelt andre oppgåver innanfor fagområdet
Kvalifikasjonar
- Cand. jur. eller master i rettsvitskap
- Erfaring frå offentleg forvaltning og offentleglova
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Gode digitale ferdigheitar
- Erfaring med handtering av innsynskrav
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- arbeider strukturert og nøyaktig
- trivst med å ta sjølvstendige avgjersler
- set deg raskt inn i nye problemstillingar
- samarbeider og kommuniserer godt
- trivst i et høgt arbeidstempo
Kontakt
For meir informasjon, kontakt:
- Assisterande organisasjons- og strategidirektør Ola Alsterholm, tel. 57 64 30 18 / 94 81 23 42
- Rådgjevar Flavia Alves da Corte André, tel. 55 57 20 38
Søknadsfrist: 30.10.2026