Rekrutteringsprosessen

Kva skjer når du søkjer på ei ledig stilling hos oss? 

 

1 Du sender ein søknad

Ledige stillingar blir lagt ut på heimesida vår, Nav og Finn.no. 

Du må søkje digitalt gjennom karrieresida vår, og laste opp relevante vitnemål og attestar. Dersom du har utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT.

2 Vi behandlar søknadane

Når søknadsfristen er ute, vil vi gjere ei vurdering av søkjarane. Her ser vi kandidatane opp mot kvalifikasjonskrava for den spesifikke stillinga.

Vi følgjer kvalifikasjonsprinsippet når vi vurderer søknadane. Det gjer vi for behandle alle søkarane likt. Om det er mange kvalifiserte søkarar, kallar vi inn dei vi vurderer som best kvalifiserte til intervju. 

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter søknadsfristen er ute. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste må du grunngje kvifor. Du vil få varsel om reservasjonen ikkje blir tatt til følgje. 

3 Vi gjennomfører intervju og sjekkar referansar

Dei søkarane som best fyller kvalifikasjonskrava i utlysinga, kallar vi inn til intervju. Sjølve intervjuet gjennomfører vi anten digitalt, eller ved eitt av kontora våre. I intervjuet møter du leiaren for fagområdet og ein representant frå dei tilsette. 

Etter intervjuet sjekkar vi referansar.

4 Vi tilset i stillinga

Etter vi er ferdige med intervjurunden og referansesjekken, skriv vi ei innstilling. Vi sender innstillinga saman med ein protokoll til tilsetjingsrådet, der representantar frå arbeidsgjevarsida saman med tillitsvalde gjer ei vurdering. 

Dersom innstillinga blir godkjend i tilsetjingsrådet, skriv vi eit tilbodsbrev til kandidaten som er innstilt som nummer éin.